lørdag 7. januar 2006

KRIK 06/01-01

I går hadde eg det veldig morosamt på KRIK, og det håper eg at alle andre også hadde.

På videregåande KRIK var me 13 stk, og sjølv om det er plass til fleire, var det stemninga svært god og innsatsen på topp. Me byrja med fugledansen etter eit sterkt ynskje av Henning. Etter dette fekk gutane gleda av å slå jentene i ein spanande hoppetaustafett. Eg haldt så ein andakt om mobbing med ein dans om mobbing som høyrde til. Me fekk to godt medhjelparar frå barneskulen til denne dansen. Til slutt spela med fotball.
Turkey CrowBirdie
På ungdomsskule KRIK var me 22 stk. Det talet er me veldig fornøgde med, særleg sidan alle dei 22 var godt humør i går. Innsats og vilje var også her kjempegod. Fugledans, hoppetaustafett, andakt om mobbing og fotball sto også her på programmet. I tillegg hadde me aerobic, linedance, zorba og las-ketchup dans på sidelinja. Heilt til slutt dansa over 20 Backstreet Boys ”everybody”.
Famous 12
I dag stod eg opp og såg pysjpopbaluba på barneTV. Var det andre som såg dette? Det handla om mobbing og dei viste til ei god internettside om dette. Klikk for å vera med på lag mot mobbing. Dette var ganske rart sidan andakten i går handla om nettopp mobbing. Eg meiner at alle bør ta ein kikk på denne sida. I tilleg håper eg at de hugsar dei fem mobbebuda.
Grrr Crying 1 No Stop
1) Jaregelen
2) Stoppregelen
3) Bobleregelen
4) Smileregelen
5) Den gyldne regel

God helg alle saman!

-Trine