Lokallagene


Sidan 1993 har KRIK Lye drevet sitt arbeidd på Lye. I løpet av dei åra har det blomstra fram fire avdelingar i lokallaget:


Junior KRIK
Her kjem barn frå 5. – 7. klasse. Me legg opp til ulike aktivitetar og ballspel. I år vil me òg knytta desse opp mot ulike tema. Midt i treningsøkta tek med ein drikkepause og held ein kort andakt.

Ungdoms KRIK
Denne gruppa består av ungdomar frå 8. – 10. klasse. I denne aldersklassen legg me opp til gode aktivitetar som oppvarming og fokuserer elles på ulike ballspel og lagidrettar. Ein pause midt i samlinga vil bestå av ein kort andakt.

Vidaregåande KRIK
Denne KRIK-samlinga er for ungdomar frå 16 år og oppover. Her har erfaringa vist at det er fotball som er den mest ynskja aktiviteten, men av og til prøver me òg ut andre lagidrettar. Inni mellom øktene tek me ein kort pause med andakt.

Senior KRIK
Dette er det nyaste prosjektet til KRIK Lye. Det er ei samling for ”dei litt eldre”. Her vil me i hovudsak spela fotball, men det er òg moglegheiter for andre lagidrettar. Det blir ein kort pause med andakt midt i samlinga.

Stad: Lyehallen