tirsdag 27. mars 2007

KRIK-tur for ALLE

Fredag den 30. mars skal HEILE KRIK på påsketur! Legg merke til at det ikkje er berre vidaregåande og ungdomsskulen som skal. Alle frå femteklasse og opp over er velkomne til å ta del i den fyrste KRIK-Lye-turen i historia.

Dette er vêrmeldinga for fredag:

For å få nytta det fine veret best mogleg møtar me klokka 17.00 ved Lye-hallen. Me tenkjer å gå ulvetjørnsrunden med nokre innlagte stoppar undervegs. Hovudpausen tek me sannsynlegvis ved Åsvatnet. Der skal me ha eit lite opplegg med diverse leik og sjølvsagt ein andakt. Dei som ynskjer å bada, får lov til å gjera det, men det skjer i så fall på eige ansvar.

Tips til kva du kan pakka i sekken:
- Litt ekstra klede
- Handduk dersom du skal bada
- Matpakke
- Gode sko
- Drikke
- Mykje godt humør
- Påskegodt (for eksempel Freias sjokoladeegg, appelsin eller kvikklunsj)

Som du sikkert forstår vert det altså ikkje vanleg KRIK i hallen. Sjølv om du kanskje ikkje går på KRIK til vanleg håper me at du har lyst til å vera med på turen. Ta med deg vennar og
”spread the word”

Me gler oss allereie!

Helsing leiarane