torsdag 17. mai 2007

Me klarte det

KRIK-Lye vann folketoget på Bryne i dag. Dette er større enn då Lye IL vann, enn då me fekk bautastein, enn då me fekk ny butikk og enn då me fekk vindmøller til samen. Dette er fantastisk. Dette er enormt. Eg har rett og slett ikkje ord.
Me har kjempa for denne tittelen i fleire år, men det var først i år me faktisk meldte oss på. Tidlegare trudde me at det berre var å stilla seg opp å gå. Då speidaren vann i fjor for fargerikt og morosamt innslag (og me hadde gått bak speidaren som var ganske grå), fann me ut at me måtte melda oss på.

I år vann me skikkeleg vandrepokal. Den var ny for året, så me får den første inngraveringa. Me fekk premie for det mest morosame innslaget og vart lesne opp som "noko nytt og fargerikt som hadde alt. Musikk, dans, rop og humør".












Takk til alle som var med på representera KRIK-Lye, verdas beste lokallag og regjerande meistrar i folketoget, på denne måten!