søndag 12. august 2007

Arena 07- Spreng grenser


Denne veka har me sett KRIK-Lye på kartet. Me har vore på Arena i Kristiansand og hatt det utruleg kjekt i lag. Temaet for leiren var "Spreng Grenser". Det var mange på leiren som sprengde ulike grenser. No skal eg fortelja litt om nokre av dei. Eg har nesten ikkje brukt kameraet denne veka, men har eit bilete frå andre dag og nokre frå siste dag. Difor vert ikkje denne bloggen eit samandrag av leiren (kjem kanskje seinare), men meir eit utdrag av høgdepunkt.

Desse reiste frå Lye:
Blaute Gaute
Ivar Kaviar
Fisefine Stine
Kaia på Kaia
Ingrid - naboen
Alfred
Bjørnar
Tore
Ragnhild
Kristine
Ingeborg
Cecilie
Trine
I tillegg kom Jonas, Vegard, Ingvild og Tomas i helga.

Jonas sprenger ei grense
Etter CHRISC-løp og fotballturnering var det tid for å ta turen på det siste kveldsmøtet for veka. På vegen bort vart det oppstyr i Lye-gjengen. Rett framføre oss såg me Knut Arild Hareide. Det har vore kjend i fleire år på heile Lye at han og vår nye KRIK-leiar, Jonas, er dobbeltgjengarar. Me prøvde å overtala Jonas til å ta eit bilete i lag med han, men Jonas nekta.
Etter møtet gjekk eg og Jonas i lag opp frå møteteltet. På vegen gjekk me igjen forbi Hareide. Eg hadde så lyst til å spør om å få ta eit bilete. Jonas tvilte. Plutseleg sa Hareide "ha det" til dei han snakka med og sprang mot oss. Eg sa til Jonas "Eg spør", og eg spurde:

Trine: Unnskyld.
Knut Arild: (smiler) Hei!!!
Trine: Æg bare lurte på en ting. Me kjæme frå en plass så hette Lye og der æ dæ kjent at dåkke to æ dobbeltgjengara, og deffor hadde dæ vore så kult om æg konne fått ta et bilde.
Knut Arild: Oj!! (ser på Jonas og ser sjølvsagt at dei liknar). Dette tar eg som eit kompliment.
Knut Arild helser på både Jonas og meg.

Jonas: Jonas
Knut Arild: (med eit glimt i augo). Ja, på austlandet kallar dei meg Jonas

Etter dette var det tid for fotografering. Knut Arild stod på tå for å verta like høg som Jonas og det var ganske festleg. Me snakka litt om Arena før Knut Arild gjekk for å kjøpa hamburgar. Jonas og eg kjøpte vaffel og på vegen møtte me Ivar og Gaute. Dei prøve å få Jonas til å gå bort til Hareiden. Jonas sa at det aldri kom til å skje og fortalde ikkje om det spesielle møtet han nettopp hadde hatt til nokon. Jonas har fått en vane for å holda store ting hemmeleg ei stund, så difor fortalde me det ikkje. Knut Arild Hareide var ein fantastisk fyr og har fått heltestatus.

Når alle frå Lye på ulike dagar gjekk rundt i t-skjorter med KRIK-Lye på kom lokallaget vårt litt i vinden. I tillegg var me som sagt med i CHRISH-løpet. Der dansa me dansen vår og vann vist nok prisen for "best organsisert". I tillegg var nokre av oss med på ein fotballcup. Der gjekk me på eit utruleg surt tap i finalen. Likevel viste t-skjortene våre godt igjen. Alfred har og gjort det stort på Sagavoll, så det var eit knippe fine raudtrøyer derifrå og.

Me selde ein god del skjorter denne veka og har no berre storleikane XL-herre og L-dame igjen. Folk meiner det er galskap å selja så gode t-skjorter for 25 kroner. Me tykkjer det er kjekt.
Desse gutane frå Radøy og Ålesund slo på stortromma og skaffa seg t-skjorta vår. (Dei hadde vel ikkje noko val etter å ha lidd eit stort nederlag i bingefotball).
Magnus sprenger ei grense
Då var det vel verre å få kledd opp Magnus. Eg var på same fotballgruppe som Magnus. Han vart fort ein helt sidan han var både Newcastle- og Vikingsupportar. (Tru det eller ei, så er det ikkje så mange av den sorten). Ein kveld var me ute for å skaffa sponsorar til CHRISC-løpet. Magnus ville ikkje sponsa oss for han hadde eit sterkt hat til Lye. (På grunn av ein Lyngdalscup for fleire år sidan). Heldigvis hadde me akkurat vore på møte og høyrd om tilgjeving og slikt og då fann Magnus ut at det var best å legga hatet bak seg. Han sponsa oss i løpet, og elles taler vel dette biletet for seg:

Eg sender ei utfordring til resten av dei som reiste frå Lye om å koma med fleire godbitar frå Arena!
- Trine