fredag 5. oktober 2007

Eg er stolt

I kveld var eg på KRIK-Lye for fyrste gong i år. Det er eg ikkje stolt av. Eg burde heilt klart ha vore meir. Det eg derimot ER stolt av, er kor fantastisk junior KRIK er vorte. Den gjengen som var samla i dag var berre heilt utruleg. Det er så kjekt å sjå at det endeleg blomstrar igjen.

Eg er også stolt av dei kjekke nye leiarane me har fått i styret. I år har me hatt eit generasjonsskifte i KRIK og me har vore litt spente på korleis det ville slå ut. Det har i alle fall ikkje tatt feil retning. I dag hadde leiarane laga eit kjekt opplegg og Kaia haldt ein fin og god andakt om den bortkomne sonen.

Her kjem nokre bilete frå kvelden. Gjer gjerne som unge Romsbotn: Print ut bileta og heng dei over senga!






























Det var også utruleg kjekt å sjå igjen denne herlege KRIKaren:


-Trine