onsdag 14. november 2007

Marsipancupen 2007


KRIK-Lye har funne på noko nytt. I juleferien skal me ha Marsipancup. Namnet på cupen har bakgrunn i at trofeet er ein marsipangris samt at cupen skal spelast i (grise)bingen. Det er berre å møta opp. Me gjer det slik at me deler inn lag etter alder. På den måten håper me det vert så likt som mogleg. Me har nok også litt andre premiar på lur. I tillegg vert det sikkert litt andre leikar og konkurransar. Alle er velkomne og det er heilt gratis.