torsdag 10. oktober 2013

KRIKLYE blir 20 år!
Nå er det 20 år sidan me hadde den fyrste KRIKsamlinga på Lye. Dette skal feirast! Fredag 1. november kl. 19.00 blir det eit stort jubileum på Lye forsamlingshus. Det blir ein haug med godt og spannande opplegg. Blant anna kjem Han Innante som skal ha både humorshow og visesong. Utanom om blir det mykje knall KRIK programJ Det blir og servering av kaker og brus og snop sal.
PRISAR:
Vaksen(18+) = 50 kr
Ungdom: GRATIS         
Me i KRIK styret håpar du setter av denne fredagskvelden for å vera med å feira denne store dagen saman med oss! J J

Håpar me snakkast der!