mandag 18. april 2011

Fotballcup 21. mai

Endeleg arrangerer KRIK Lye fotballcup att. Etter nokre år utan cup gler me oss veldig til å ta opp den kjekke tradisjona, og laurdag 21. mai kl. 09.00 brakar det laust i Lyehallen.

Me har ein klasse for dei under 16 år. Det vil seia frå 8. klasse til 10. klasse, og ein klasse for dei som er eldre.

På kvart lag må begge kjønn alltid vera representert på banen. Kampane skal spelast på stor bane med fem utespelarar og ein keepar på kvart lag.

Me har òg leigt klubbhuset slik at det går an å vera der mellom kampane. Her vil me arrangera ymse aktivitetar. I tillegg får me besøk av brynespelaren Vegard Landro som skal halda andakt for oss.

Prisen er 50 kroner per spelar.

Det vil koma meir detaljert informasjon etter kvart, men meld på laget ditt allereie no for å sikra deg plass på turneringa i og med at me berre har plass til ti lag i kvar klasse.

Meld deg på her:
https://spreadsheets.google.com/viewform?formkey=dFZUdDZPUUFncWVYbExqTDloa0ltQ2c6MQ&ifq

Du kan òg skriva mail til kriklye@gmail.com om du har nokre spørsmål.