torsdag 19. mai 2011

KRIK Lye Fotballcup 2011

No er kampoppsettet klart. Laget ditt må møta til registrering i hallen ein halvtime før fyrste kamp. 12 lag er påmeldt i klassa over 16 år og 6 lag frå ungdomsskulen er med. Me har laga oppsettet slik at laga frå ungdomsskulen startar dagen og speler sine fire første kampar før dei eldre kjem. Ungdomsskulespelarane har då ein såpass lang pause at det går an å dusja og ta ein skikkeleg pause før andakten, siste kamp i gruppespelet og sluttspelet.

Lag under 16:
Saints, This is football, Gambas, Ladsabbane, Chillpil og Nord-Korea.

I gruppespelet speler alle mot alle. Dei fire beste laga går til semifinale og vinnarane av desse speler finale.

Lag over 16:
Barcelona, (N)Evergood, Everybody loves Kritstin, Kyrgiakos Disipler, Team Bjødni, KRIK Bjerkreim, Lyemafiaen, Schlaaap av!, Sobihob United, The Wallabies, Cupbombene og Slidarane.

Her har me tre grupper. Dei to beste går vidare til kvartfinale. Det same gjer dei to beste tredjeplassane. Dette vert avgjort på poeng og om det er likt vurderer me etter flest scora mål.


Kampoppsett og regelhefte er vedlagt. Legg spesielt merke til at ALLE MÅ HA LEGGBESKYTTARAR. (Ingen får spela utan).

Kampane i gruppespelet varer 8 minutt.
Kampane i sluttspelet varer i 10 minutt.
Finalen varer i 2 x 10 minutt både for ungdomsskule og vidaregåande.

Brynespelar Vegard Landro kjem for å halda andakt.

Prisen for cupen er 50 kroner per person. Me har leigd klubbhuset heile dagen og vil mellom anna ha sal av pølser og brus. Me har to jentegarderobar og to gutegarderobar til disposisjon. I Lyehallen er det parkett.

Det vil til ei kvar tid alltid vera vakter på plass ved inngangen av hallen og inne i hallen. Arrangementet er rusfritt. I pausane vil me arrangera små aktivitetar. Garderobane vert ikkje låst, så pass alltid på verdisaker.

Me gler oss masse til å sjå dykk i aksjon. Ta kontakt på telefon 47674031 om du lurer på noko.