søndag 19. juni 2011

KRIK Lye Fotballcup 2011

Her kjem nokre bilete og eit referat frå KRIK Lye Fotballcup 2011.
Bileta er teke av Maria Eikrem Fiskaa.
































































































































































KLASSA UNDER 16 ÅR:
Me starta med gruppespel for dei seks laga frå ungdomsskulen klokka 10.00. Her viste brynelaget Chillpil og lyelaget Saints seg tidleg som favorittar. Saman med Nord-Korea frå Lye og publikumsfavorittane This is football frå Bjerkreim, tok dei seg vidare til sluttspelet. Gambas og Ladsabbane rauk ut etter å ha lagt ned ein god innsats i alle kampane. På grunn av at Chillpil skulle på dugnad måtte me gjera nokre endringar i kampoppsettet og spela sluttspelet til ungdomsskulen før vidaregåande fekk starta med sitt sluttspel. Takk for at alle viste forståing for dette. Chillpil slo Saints 1-0 i ein spanande finale der Saints var veldig nære eit mål i slutten. Begge finalelaga fekk gåvekort på pizza frå Peppes og Dolly. Vinnarlaget tok òg med seg gåvekort på bowling og ein pokal



















KLASSA OVER 16 ÅR: Cupbombene vann den fyrste gruppa med Lyemafiaen på ein god andreplass. I denne klassa var det eit lag som ikkje stilte til start. Difor vart gruppespelet litt kortare, men me ordna det med litt lengre kampar. I dei andre to gruppene gjekk tre lag vidare til kvartfinale. Team Bjødni vann si gruppe framfor Sobihob United og Slidarane medan KRIK Bjerkreim, Barcelona og The Wallabies gjekk vidare frå den siste gruppa. Team Bjødni utpeika seg som favorittar i gruppespelet med fint spel og flotte mål. Likevel skulle det visa seg at det er dei siste som skal bli dei første. Team Bjødni slo rektignok ut Lyemafiaen i sin semifinale etter ei sterk opphenting frå å ha låge under 0-2. Etter ekstraomganger var resultatet 3-2. Slidarane slo Cupbombene 4-0 i sin semifinale og kom seg dermed til finalen med mykje sjølvtillit. Sjølv om Slidarane tapte for Team Bjødni i gruppespelet vann dei finalen fortent 2-1, og underteikna måtte fleire gonger trekka tilbake favorittstempelet eg hadde delt ut til Team Bjødni.

For å laga denne cupen har me vore 14 i kommiteen. Me har hatt det gildt i lag. Alle har stått på og gjort ein veldig god innsats for å laga ein kjekk cup. Over er eit bilete av dei fleste som har vore med i kommiteen. Hallvard, Kjellaug, Rune og Sven Ingar var ikkje tilstades då biletet vart knipsa. I tillegg hadde me god hjelp frå Steinar x 2, Jarle og alle vaktene. Me fekk sponsa bakverk frå Bakers, fekk pølser frå KRIK Rogaland og god hjelp til lydanlegg frå teknikarane på forsamlingshuset. Laget hadde stand saman med KRIK på cupen, og me fekk låna baller av KRIK Bjerkreim. Tusen takk til alle som kunne hjelpa til.

Medan fotballturneringa vart spela hadde me ei frisbeeturnering parallellt. Den vann Svein Magnus.

No skal me evaluera cupen og førebu oss på ein ny. Planane er i aller høgaste grad å vidareutvikla turneringa. Me ønskjer tilbakemeldingar på kva me bør fortsetja med, kva me bør forbetra, forslag til endringar og tidspunkt for neste cup. Bør me utvida til to dagar? Bør me opna for endå fleire lag? Bør me inkludera barneskulen? Kva meiner dykk?

Me i kommiteen, dommarar og vaktar er i alle fall veldig godt nøgde med alle som kom på cup. Alle oppførte seg fantastisk og me sit berre att med positive inntrykk. Me gler oss allereie til neste cup og håpar at like mange og fleire til ønskjer å vera med.


Jærbladet, 23. mai 2011 :