onsdag 23. mai 2012

100 på cup

Me takkar for strålande innsats frå over 90 deltakarar, publikum, frivillige vakter og andre hjelparar. KRIK LYE FOTBALLCUP 2012 vart ein ny suksess.





ROSA BABES
I jenteklassen stilte laga Frustrerte fluer, Sju høns og ein kylling, Tryggheimbabes og Mor di. Dei sprekaste mødrene på Lye hadde samla eit fantastisk lag, og imponerte stort sjølv om det korkje vart  mål eller poeng. 

Frustrerte fluer og Tryggheimbabes gjekk til finalen. Det vart ein ekstremt spanande finale. Etter ordinær tid hadde ingen putta ballen i mål. Kvart lag måtte då ta ut ein og ein spelar etter kvart som minutta gjekk. I same sekund som fløyta gjekk etter første minutt, scora fluene. Men dommaren anullerte målet, og meinte tida var ute. Ekstraomgangane haldt fram til det berre var to spelarar att på kvart lag. Då klarte dei rosa jentene å spela ut målvakta til fluene. Jubelen var ikkje til å ta feil av. Tryggheimbabes vann cupen i år. Fluene var rimeleg frustrerte og leverte protest. Det heile endte med at Tryggheimbabes gav vekk litt av premien sin til fluene.

Dei rosa jentene vann tur til Danmark og gokart-køyring. Frustrerte fluer fekk pizza og sesongkort på Bryne stadion.










HØGT NIVÅ


Guteklassen var veldig jamn med ti lag. Alle kunne slå alle. Det viste seg likevel at den eine gruppa var sterkare enn den andre. 

Cupbombene vann pulje A, men rauk ut mot sisteplassen i pulje B, Hellige hester i kvartfinalen. Alfis venner som vann pulje B, knuste Bunch og monkeys heile 5-1 i kvartfinalen. Liggeunderlaget slo Corleone family 1-0. Hå trekkspillklubb var det einaste laget som klarte å ta seg vidare frå pulje A, men ein knapp siger mot Lyemafian etter ekstraomgangar. 

Hå trekkspillklubb slo lett ut Hellige hester i semifinalen medan Alfis venner måtte slita litt meir for å slå ut Liggeunderlaget. Det vart ekstraomgangar, men likevel hadde ikkje dei blåkledde Voll-spelarane brukt opp alle kreftene. Dei kontrollerte inn topplasseringa i cupen på rutinert vis og stakk av med både tur til Danmark, bowlingbilettar, sesongkort på Bryne stadion og nokre sokkar. Hå trekkspillklubb fekk gåvekort på pizza.




Etter cupen hadde me eit fint møte i klubbhuset med song frå Hilde Selvikvåg og andakt frå Børge Vassbø.