fredag 13. april 2012

KRIK LYE FOTBALLCUP 2012

19.-20 mai vert det ny fotballcup i Lyehallen. Cupen er for gutar og jenter over 16 år. Me har gjort nokre endringar i konseptet frå i fjor som me håpar de sett pris på. Det vert ein dag med gruppespel og ein dag med sluttspel. Dette er for få med fleire lag og for å hindra ventetid. Eit lag skal spela alle kampane i gruppespelet sitt i løpet av eit par timar. Me har i år oppretta ein eigen jenteklasse, men det er framleis lov for jenter å stilla på lag i guteklassen. (Men det er ikkje eit krav at begge kjønn skal vera representert). Det skal vera fem utespelarar pluss keeper på banen, men det er lurt å ha med ekstra innbyttarar.

Påmelding
Prisen for eit lag er 300 kroner. Du kan melda på laget ditt her: https://docs.google.com/spreadsheet/viewform?formkey=dF9XMmhEa2ZvWktPb0NXU0xFSEZBU1E6MQ 

Om du ikkje har lag, kan du melda deg på åleine. Då lagar me eit lag til deg. Prisen for dette er 50 kroner. Meld deg på her: https://docs.google.com/spreadsheet/viewform?formkey=dFM0dUtrM0tPa21mb3B1SW03ejlpQUE6MQ 

Etter at de har meldt dykk på, vil me senda ein faktura på e-post som må betalast før me registrerer laget i systemet vårt.

Alle som meldar seg på vil få regelhefte og meir informasjon tilsendt på e-post.
Det vil til ei kvar tid alltid vera vakter på plass ved inngangen av hallen og inne i hallen. Arrangementet er rusfritt.

I pausane vil me arrangera små aktivitetar. Garderobane vert ikkje låst, så pass alltid på verdisaker. Laurdag kveld skal me ha eit kveldsmøte der både deltakarar på cupen og alle andre er velkommen.

Ta kontakt med Trine Selvikvåg på telefonnummer 47674031 om de lurer på noko.